Velkomen til DraumeKarusell. Dette er den sida av meg som samlar alle dei små gledene i kvardagen, pluss litt ferie lykke. Det er og her eg publiserer mine nye produkt for salg under etiketten til salgs.



søndag 1. mai 2011

Kraftstasjonen

Då var prosjekt Kafè Kraftstasjonen vel utført og eg er sjølv overraska over kor bra da blei til slutt. Etter månader med planlegging og jobbing for å koma til eit resultat me alle kan vera fornøyde med, er me tilslutt i mål. Her kjem ei lita innføring i korleis alt har blitt og litt frå min kjære heimplass Ålvik.
Bordene er laga av gamle dørar frå hus i Ålvik og  med folkets dugnadsånd og gjevarglede har me fått mengdar med trestolar.
"Villabyen", hjørna for dei litt finare folket ;)
Plansjar og kart frå loftet på skulen

Gamle og unge er gjestar på Kraftstasjonen
...pensjonistane...
...konfirmantane...
...baren...
Besten sine gamle vernesko spraya med gullmaling, målarar frå gamle kraftstasjonen og
bilde av gamle kiosken som til min store forferdelse no står som ei rønna...
...og nye kiosken...
                            Kjente stadsnavn i Ålvik som bordmerking i staden for bordnummer.

Detaljar
Gamle bøker i stabel og ei gamal oljekanna frå Kraftstasjonen
Ei gamal vekt frå Ålvik
Fullsatt kafè 1. mai 2011
Nokon av gjengen bak: Meg, snikkaren og driftssjef

3 kommentarer:

  1. For ein flott og triveleg kafe. Gledar meg til å vitje!

    SvarSlett
  2. So kjekt på den nye Kafé Kraftstasjonen. Heimekoselig og inviterande. Tusen takk for flott arbeid. Har lagt link til bloggen din på http://www.aalvik.info

    SvarSlett