Velkomen til DraumeKarusell. Dette er den sida av meg som samlar alle dei små gledene i kvardagen, pluss litt ferie lykke. Det er og her eg publiserer mine nye produkt for salg under etiketten til salgs.



torsdag 10. mars 2011

Nytt kjøkkenbord

Me har ein kunde på jobb som av og til er innom med skattar frå inn- og
utland, idag hadde han med seg dette antikke bordet som eg fall
pladask for og med sine to klaffar sitter det som fot i hose på mitt smale kjøkken;)
Bargain, and again!

onsdag 9. mars 2011

Vår i vinduskarmen

Eg klarte ikkje å dy meg i dag, tok meg en tur til løkka for skattejakt...
Resultatet blei vakre, ferdigutsprungne løk planter...
...ein liten hjort i porselen og...

...eit realt kupp må eg sei, ein hjort i plastic fantastic til den svimlande sum av 15 norske kroner...

Kva gjer du meg, mannen i butikken vart noko sjokka når han såg kva ein av hans medarbeidarar hadde prisa min nye venn for, han vart litt misunneleg for at han ikkje fann hjorten før meg, men no har eg og hjoten allerede knytta sterke bånd og han kjem nok aldri til å forlata meg ;)