Velkomen til DraumeKarusell. Dette er den sida av meg som samlar alle dei små gledene i kvardagen, pluss litt ferie lykke. Det er og her eg publiserer mine nye produkt for salg under etiketten til salgs.



mandag 25. april 2011

Inspirasjon MAI


Fekk det nyaste nummeret av elle interiør, eller elle decoration som det heiter no, i posten når eg kom heim frå ferie. Alti lika kjekt og det bladet blir berre bedre og bedre og eg får berre meir og meir lyst te å jobba som stylist...
Godt da e nokon som har skjønt at me er ferdige med "liksom gamle avflassa møblar", kvitt, kvitt, kvitt, englevinger og lavendelposar med broderi...
Likte godt disse lampane...

Kjenne eg omsider er klar for å tona ned interiøret litt, er veldig glad i ting, men kanskje ein skal begrensa seg litt, er veldig glad i boka simple home av Mark og Sally Bailey. Less is more... ska prøva... ;)

Sommarferien 2011

Sommarferien 2011 er bestilt og den går til Skiathos ei veke saman med mine søsken.
Har funne eit bilete på nettet av ein butikk eller kafè eller kva det er, håpe eg finne den...
Ellers gjer ikkje bilete som dette lengselen etter varmare strøk noko mindre... Blir veldig godt...

Påskeferien 2011

Tilbake frå påskeferie, delvis tilbragt i heimbygda mi Ålvik for siste forberedelsar til åpning av kafèen Kraftstasjonen som skal vera klar 1. mai. Andre halvdel tilbragt på hytta i Fåvang med Anders, systo mi og broren min. God mat, masse kortspel og kos. Har og sydd mine fyrste par med gardiner til prosjektet på soverommet til Ingvild og Rune som og skal vera ferdig om ca. to veker. Maaaasse stoff som skal syast saman, men eg trur da blir bra. Om dei tillete da legge eg ut bilete av begge prosjekta når dei er levert...

Eg har forresten vore uten pc den siste tida ettersom den bestemte seg for å ikkje villa gå på nettet.
Det blanda med mykje å gjera med prosjekta, har det ikkje blitt mykje aktivitet her, men no er eg tilbake!