Velkomen til DraumeKarusell. Dette er den sida av meg som samlar alle dei små gledene i kvardagen, pluss litt ferie lykke. Det er og her eg publiserer mine nye produkt for salg under etiketten til salgs.



torsdag 8. desember 2011

Brosje med 7 "pompoms"

Brosje med 7 "pompoms"
for å pynte opp ei enkel kåpe, kjole eller skjorte.
Den kan og brukast som litt sprø hårpynt, på ei veske eller kva
du måtte ynskja. Ditt valg :)
450,-

Desember

Vaksne? Me? Ikkje for vaksne for å gje kvarandre ei lita gåve annankvar dag i desember.
Kråkeslott


Draumefangst på Dejm på DogA

Min vetle, men fargesprakande stand på designernes eige julemarked forrige helg.
Sidan dette var min fyrste gong som utstillar, var dette ein
bra erfaring å ha med seg vidare på ferden.
Det er viktig å få tilbakemelding frå tilskuarar, og potensielle kundar for å kunna utvikla seg vidare. Kva funker og kva funker ikkje. Kva ein kan fortsetja å produsera og kva ein kan kutta ut, kva ein kan vidareutvikla og kva funker som det er.
Ettersom dette var min fyrste gong, hadde eg ikkje fleir enn tre- fire av kvar produktgruppe. Men det meste vart solgt, og eg reiste heim med ein liten boks med kort og nokre få andre ting.
Dette var veldig oppmuntrande og motiverande for vidare arbeid, og dagen etter markedet tok eg bestilling på nye materialer til brosje og øyrepynt produksjon som vert publisert her fortløpande under etiketten TIL SALGS

Stine(Fru Blom), eg(Draumefangst) og Sara(Dahl design) 
saman på markedet. Det var veldig kjekt og gjorde opplevelsen endå bedre.

tirsdag 29. november 2011

Kortproduksjon


Eg hugsar godt juletreet eg fekk ha på rommet mitt då eg var lita jente.
Eg hadde mange gamle, fargerike kuler med glitter på som mammo ikkje ville ha på treet nede i stova.
I fjor jul fekk eg den vesle øsja med dei kulene, som skal pryde mitt juletre i år. 
Me hadde ein periode der alt skulle vera raudt, grønt eller brunt til jul. Nissar og troll. Men no merkar eg meir og meir kor barndomen min inspirerar meg til å bruka fargar, dyremotiv og glitter.  Det er jo den kjensla ein leitar etter kvar jul, den kjensla ein hadde då ein var unge og kvar dag fram mot julaftan var fantastisk men nærast uuthaldeleg...
Ein kan spørja seg sjølv kva ein driv med når ein sit og brettar papirark og riv ut lauv etter lauv til det som skal verta ein blom, men ein ting er sikkert, alle treng vell eit kort å gje vekk til jul, bursdag, konfirmasjon eller berre som ei helsing...
Då gjenstår det berre å sjå om mine kort vert dei utkåra...
Velkomen til DRAUMEFANGST
på Design og arkitektursenteret
laurdag 3.- og sundag 4.
desember frå 10- 18
begge dagar



søndag 20. november 2011

Advent i sikte

Grønn rigga for advent 2011
Irra kåpar, hyasintar, juleroser og kubbelys i fine fargar skaper ei litt utradisjonell førjuls stemning...

...vakkert.

Designernes julemarked på DogA


Handlaga julekort for salg på DogA
fyrst helga i desember frå 10-18
Øyredobbar


Brosje som pynt på jakka, hua, på barnevogna
eller kor du måtte ynskja :)

mandag 24. oktober 2011

Den fyrste frost natta

Ein kan ikkje sei ana enn at det er fantastiske morgonar når himmelen er blå, sola kryp over fjellet og det er rim på bakkar og trær...


Og kva er vel betre en levande pynt i hagen?

Skattejakt

Den som leitar den finn...
Har funne meg ein bruktbutikk
eg prøve å besøka med jevne mellomrom.
Fann disse lysestakane ved sist besøk,
og dei fann seg til rette i stova vår...
Det går mot vinter, og ikkje minst
mi favoritt høgtid, jul.
Har vore på jakt etter antikke
julakuler i lang tid. Eg likar ting som er
gamle og brukt, dei er ekte og har ei fortid.
På etsy, som for tida er mi absolutte
favoritt nettside, fann eg desse kulene.
Ein må jo berre bli glad når bestillingen
er så fint presentert som vist på biletet over.

Innhaldet var ikkje skuffande det heller.
Dei kom i original øsja og ingen var knust
trass den lange reisevegen heilt frå USA.


søndag 16. oktober 2011

Fantastisk haust

Me nyt verkeleg livet i nya huset,
og at haustværet skulle bli så bra
er jo berre ein bonus:)
Tidlegare i haust kunne eg plukka
dei fyrste eplene frå vårt eige
epletre,draumefangst...

Enkel og veldig god eple dessert:

Hul ut ynskja antal epler(eit pr. pers.)
Fyll det lagvis med utblanda freia makronfyll
og rosiner, varm i ovnen til eplene er
gjennomsteikt. Hell over kald vaniljesaus.

torsdag 26. mai 2011

Me har fanga ein draum

På mandag kjøpte me oss hus på Nesodden. Me har vore på utkikk i lengre tid, men har ikkje heilt visst kor me vil bu, men då detta huset dukka opp til ein overkommeleg pris, var valet lett.
Det er eit lite hus på 114 kvm frå 1954, med 3 mål tomt

Huset er foreløpig litt for romantisk og søtt for min stil, men det grunnleggande er der, med gamle tregolv, småruta vindauger og kjøkken med mykje benkplass :)
Mulighetane er mange når ein har så stor plass, blomsterplanting, hengekøye, drivhus...

Eg har altid drøymt om vindauger framfor kjøkkenbenken, og det har eg fått :)
Med nye fliser og litt maling er mykje gjort.
Dette blir nok bra...

fredag 6. mai 2011

Kafè Kraftstasjonen til inspirasjon for Nederlandske HK living

HK living, som er designteamet bak lampar og puter som er brukt i Kraftstasjonen, vart inspirert då dei såg bileta av kafèen på bloggen min, og lagde denne collagen:
Ålvik til Nederland, ikkje verst :)

søndag 1. mai 2011

Vandring i vakre Ålvik ein dag i mai

Grønne tre og bløming i Hardanger er alti fint og når fjorden bada i sol og fuglane kvitra fins da ikkje nokon finare plass i heila vida verdo :) Eg kan bevisa da:
Draumehus
"Villabyen"
"Brattbakken"
"Villabyen"
1. mai tog
ung og lovande