Velkomen til DraumeKarusell. Dette er den sida av meg som samlar alle dei små gledene i kvardagen, pluss litt ferie lykke. Det er og her eg publiserer mine nye produkt for salg under etiketten til salgs.



mandag 31. januar 2011

I heimen

Du og eg... Ny "veggkreasjon"
Frå gangen...
Soverom...
Fann ei dør på loftet, pussa delvis av malingen
og dette blei resultatet...
Bordet og stolane er frå huset til Anders
besteforeldre på sørlandet...

Blad dilla... kan ikkje få nok.
Ingenting blir kasta!!!
Tørk ein hortensia kvist...

Spegelen er frå ein brukthandlar eg fann på
Paros i sommar. Den dukka opp under nokre
centimeter med støv og ei sky av tobbaks røyk :D
Vinduskarmen...

søndag 23. januar 2011

Vårdagar i Paris

Vakre, gamle ting på marknaden...
Bokstavar frå gamle trykkeri...
Industrilampar...
På rad og rekke...
Merci...
Godt reisefølge...
Shopping, til glede for nokon...
og frustrasjon for andre...


Kraftstasjonen

Eg holder på å innreda ein ny kafe som skal opna i Ålvik, heimbygda mi, i mai.
Sidan Ålvik er ei industribygd har eg valgt det som tema. Malte tregolv som med tida berre blir meir og meir slitt. Vakkert... Prosjektleiaren har funne fram gamal teglstein som skal murast opp langs baren/disken.
Store rustikke industri lampar som heng frå kraftige bjelkar i taket, langbord og småbord med masse forskjellige stolar. Alltid levande lys og god musikk.

Hadde vore kult om me hadde fått Ferm`s power pole wallstickers på dei store vindaugene ut mot "torget". Ettersom navnet på kafeen vert Kraftstasjonen, oppkalla etter kraftstasjonen som no er nedlagt (eller flytta frå fantastiske lokaler på Bjølvefossen og inn i fjellet og overtatt av statkraft)
God kaffi er og viktig i 2011, og kvifor ikkje ta sikte på å ha fjord strekningen Bergen-Voss aller beste kaffi?
Ein stad som er omtala, der forbipasserande stopper for å eta lunsj i flotte lokaler med god mat og god kaffi.

Ambisjonar er viktig når ein skal starta noko, ein må gå for gull. Kvalitet framfor kvantitet.
Dette er eit eksempel på innredning på Kraftstasjonen. Slitte bord og metallstolar (eller trestolar) gjer eit røfft utsjåande.

Denne kafeen synest eg har noko ved seg. Stilreint, ordentleg med rå materialer.
Industrilampar på tjukke tre bjelkar i taket...

Forskjellige stolar, telysholdarar i friske fargar, greiner framfor vindaugene...

Dekorativt og stemningskapande med ved i stablar...

fredag 21. januar 2011

Formex 2011

I går var eg og Stine i Stockholm på messe
for å ta ut varer til Grønn. Me fann fleire nye
leverandørar og er begge ganske fornøyde
med innkjøpene me gjorde, godt jobba.
I tillegg til det får ein jo mykje inspirasjon
og ny energi av å bevega seg litt
utforbi vante rammer og sjå litt ana
enn det ein gjer i kvardagen...

tirsdag 18. januar 2011

Jordskokksuppe

I dag fekk me deilig jordskokksuppe til lunch.
Det er trøffel olje i den, som gjer den litt
mektig og i store mengder kan den bli litt kvalmande,
men som ein forrett eller lite måltid: FANTASTISK

Forrett til 8 personer
15 g tørka steinsopp (kan sløyfast)
2 dl vatn for å bløyta soppen i
800 g jordskokk
2 middels poteter (120 g)
1 middels stor gul lauk
8 dl vatn
2 ss hønse- eller grønnsaks fond
2 dl mat- eller kremfløyte
0,5 dl tørr kvitvin (kan sløyfast)
salt, kverna kvit pepper
4 ts trøffelolje (kan sløyfast, men bli aller best med...)
Dryss av frisk timian

Legg tørka sopp i bløyt i ca. 30 min.
Skrell og skjær jordskokker og potetene i bitar
Skrell og hakk løken.
Kok grønnsakene og soppen i omkring halvparten av
vatnet tilsatt buljong i ca. 25 min.
Kjør suppa meir eller mindre jevn med ein stavmiksar
rett i kjelen. Spe med resten av vatnet og fløyten.
Smaksett med ein skvett kvitvin. Salt og pepper etter ønske.
Kok så suppa i 5- 10 min. til.
Smak til.
Server suppa i skåler med nokre dråpar trøffel olje
og ferske timianblader.

Mmmmmm, kjempe godt!

Morgentåkedalen

I dag tidleg då eg sto opp, følte eg meg som det einaste menneske
igjen på jorda. Alle andre vindauger rundt meg var svarte, og tåka låg tung og tjukk. Det er rart med sånne dagar, ein burde få lov til å bli heima å drikka te og lese blad... :)