Velkomen til DraumeKarusell. Dette er den sida av meg som samlar alle dei små gledene i kvardagen, pluss litt ferie lykke. Det er og her eg publiserer mine nye produkt for salg under etiketten til salgs.



tirsdag 29. november 2011

Kortproduksjon


Eg hugsar godt juletreet eg fekk ha på rommet mitt då eg var lita jente.
Eg hadde mange gamle, fargerike kuler med glitter på som mammo ikkje ville ha på treet nede i stova.
I fjor jul fekk eg den vesle øsja med dei kulene, som skal pryde mitt juletre i år. 
Me hadde ein periode der alt skulle vera raudt, grønt eller brunt til jul. Nissar og troll. Men no merkar eg meir og meir kor barndomen min inspirerar meg til å bruka fargar, dyremotiv og glitter.  Det er jo den kjensla ein leitar etter kvar jul, den kjensla ein hadde då ein var unge og kvar dag fram mot julaftan var fantastisk men nærast uuthaldeleg...
Ein kan spørja seg sjølv kva ein driv med når ein sit og brettar papirark og riv ut lauv etter lauv til det som skal verta ein blom, men ein ting er sikkert, alle treng vell eit kort å gje vekk til jul, bursdag, konfirmasjon eller berre som ei helsing...
Då gjenstår det berre å sjå om mine kort vert dei utkåra...
Velkomen til DRAUMEFANGST
på Design og arkitektursenteret
laurdag 3.- og sundag 4.
desember frå 10- 18
begge dagar



søndag 20. november 2011

Advent i sikte

Grønn rigga for advent 2011
Irra kåpar, hyasintar, juleroser og kubbelys i fine fargar skaper ei litt utradisjonell førjuls stemning...

...vakkert.

Designernes julemarked på DogA


Handlaga julekort for salg på DogA
fyrst helga i desember frå 10-18
Øyredobbar


Brosje som pynt på jakka, hua, på barnevogna
eller kor du måtte ynskja :)