Velkomen til DraumeKarusell. Dette er den sida av meg som samlar alle dei små gledene i kvardagen, pluss litt ferie lykke. Det er og her eg publiserer mine nye produkt for salg under etiketten til salgs.



torsdag 26. april 2012

Finalist i ELLE og Fargerikes interiørtalent konkurranse 2012

I dag vart det publisert at eg er ein av tolv finalistar i ELLE decoration og Fargerikes konkurranse om å bli årets interiørtalent 2012. Det er veldig oppmuntrande for vidare arbeid å få ein sånn bekreftelse på det ein helst vil bruka all tida si på.
Stem i vei, vente i spenning og håpe på det beste :)
Dette er mitt bidrag til konkurransen.

Astier de Villatte

Endeleg fekk eg besøkt ein stor favoritt blandt alle favorittane. 

Hylla på hylla med fristelsar, ynskjer meg 90% av det som er i den butikken, men med ein gjennomsnittspris på 100 euro, blei det nokre få suvenirar herifrå denne gongen...


Fantastisk, og som syste mi sa då me var her: "No e du i himmelen, da ser eg..."





søndag 22. april 2012

PARIS

 Merci, eit obligatorisk punkt
på besøkslisto kvar gong eg er
Paris.


Søndags sightseeing for fyrstegongs 
Paris besøkande.







Fleux: 
39 Rue Sainte-Croix de la Bretonnerie
Verdt eit besøk


Jardin du Luxembourg



Gjekk tilfeldigvis forbi ein Hermesbutikk
som hadde ein fantastisk kul vindusutstilling.




La Pistacherie
Ein butikk berre med nøtter, imponerande
nok for ein Nordmann, men det blei ikkje verre
når eg fekk ein pose med nøtter i hande, og dei var
varme... mmm
Me var på fleire vintage butikkar, men
me var stort einige om kva som var favoritten:
Episode vintage.
Stor, ryddig, billig samtidig som
alt var reint og lukta nyvaska.
 Hadde eg hatt plass i koffereten hadde
det blitt fleire skattar herifrå...

Andre vintagebutikkar verdt eit besøk:
Kiliwatch
Freep star, 3 butikkar i området rundt rue du temple
Hippie market









torsdag 5. april 2012

søndag 1. april 2012