Velkomen til DraumeKarusell. Dette er den sida av meg som samlar alle dei små gledene i kvardagen, pluss litt ferie lykke. Det er og her eg publiserer mine nye produkt for salg under etiketten til salgs.



torsdag 26. mai 2011

Me har fanga ein draum

På mandag kjøpte me oss hus på Nesodden. Me har vore på utkikk i lengre tid, men har ikkje heilt visst kor me vil bu, men då detta huset dukka opp til ein overkommeleg pris, var valet lett.
Det er eit lite hus på 114 kvm frå 1954, med 3 mål tomt

Huset er foreløpig litt for romantisk og søtt for min stil, men det grunnleggande er der, med gamle tregolv, småruta vindauger og kjøkken med mykje benkplass :)
Mulighetane er mange når ein har så stor plass, blomsterplanting, hengekøye, drivhus...

Eg har altid drøymt om vindauger framfor kjøkkenbenken, og det har eg fått :)
Med nye fliser og litt maling er mykje gjort.
Dette blir nok bra...

fredag 6. mai 2011

Kafè Kraftstasjonen til inspirasjon for Nederlandske HK living

HK living, som er designteamet bak lampar og puter som er brukt i Kraftstasjonen, vart inspirert då dei såg bileta av kafèen på bloggen min, og lagde denne collagen:
Ålvik til Nederland, ikkje verst :)

søndag 1. mai 2011

Vandring i vakre Ålvik ein dag i mai

Grønne tre og bløming i Hardanger er alti fint og når fjorden bada i sol og fuglane kvitra fins da ikkje nokon finare plass i heila vida verdo :) Eg kan bevisa da:
Draumehus
"Villabyen"
"Brattbakken"
"Villabyen"
1. mai tog
ung og lovande



Kraftstasjonen

Då var prosjekt Kafè Kraftstasjonen vel utført og eg er sjølv overraska over kor bra da blei til slutt. Etter månader med planlegging og jobbing for å koma til eit resultat me alle kan vera fornøyde med, er me tilslutt i mål. Her kjem ei lita innføring i korleis alt har blitt og litt frå min kjære heimplass Ålvik.
Bordene er laga av gamle dørar frå hus i Ålvik og  med folkets dugnadsånd og gjevarglede har me fått mengdar med trestolar.
"Villabyen", hjørna for dei litt finare folket ;)
Plansjar og kart frå loftet på skulen

Gamle og unge er gjestar på Kraftstasjonen
...pensjonistane...
...konfirmantane...
...baren...
Besten sine gamle vernesko spraya med gullmaling, målarar frå gamle kraftstasjonen og
bilde av gamle kiosken som til min store forferdelse no står som ei rønna...
...og nye kiosken...
                            Kjente stadsnavn i Ålvik som bordmerking i staden for bordnummer.

Detaljar
Gamle bøker i stabel og ei gamal oljekanna frå Kraftstasjonen
Ei gamal vekt frå Ålvik
Fullsatt kafè 1. mai 2011
Nokon av gjengen bak: Meg, snikkaren og driftssjef