Velkomen til DraumeKarusell. Dette er den sida av meg som samlar alle dei små gledene i kvardagen, pluss litt ferie lykke. Det er og her eg publiserer mine nye produkt for salg under etiketten til salgs.



mandag 25. april 2011

Påskeferien 2011

Tilbake frå påskeferie, delvis tilbragt i heimbygda mi Ålvik for siste forberedelsar til åpning av kafèen Kraftstasjonen som skal vera klar 1. mai. Andre halvdel tilbragt på hytta i Fåvang med Anders, systo mi og broren min. God mat, masse kortspel og kos. Har og sydd mine fyrste par med gardiner til prosjektet på soverommet til Ingvild og Rune som og skal vera ferdig om ca. to veker. Maaaasse stoff som skal syast saman, men eg trur da blir bra. Om dei tillete da legge eg ut bilete av begge prosjekta når dei er levert...

Eg har forresten vore uten pc den siste tida ettersom den bestemte seg for å ikkje villa gå på nettet.
Det blanda med mykje å gjera med prosjekta, har det ikkje blitt mykje aktivitet her, men no er eg tilbake!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar