Velkomen til DraumeKarusell. Dette er den sida av meg som samlar alle dei små gledene i kvardagen, pluss litt ferie lykke. Det er og her eg publiserer mine nye produkt for salg under etiketten til salgs.



søndag 23. januar 2011

Kraftstasjonen

Eg holder på å innreda ein ny kafe som skal opna i Ålvik, heimbygda mi, i mai.
Sidan Ålvik er ei industribygd har eg valgt det som tema. Malte tregolv som med tida berre blir meir og meir slitt. Vakkert... Prosjektleiaren har funne fram gamal teglstein som skal murast opp langs baren/disken.
Store rustikke industri lampar som heng frå kraftige bjelkar i taket, langbord og småbord med masse forskjellige stolar. Alltid levande lys og god musikk.

Hadde vore kult om me hadde fått Ferm`s power pole wallstickers på dei store vindaugene ut mot "torget". Ettersom navnet på kafeen vert Kraftstasjonen, oppkalla etter kraftstasjonen som no er nedlagt (eller flytta frå fantastiske lokaler på Bjølvefossen og inn i fjellet og overtatt av statkraft)
God kaffi er og viktig i 2011, og kvifor ikkje ta sikte på å ha fjord strekningen Bergen-Voss aller beste kaffi?
Ein stad som er omtala, der forbipasserande stopper for å eta lunsj i flotte lokaler med god mat og god kaffi.

Ambisjonar er viktig når ein skal starta noko, ein må gå for gull. Kvalitet framfor kvantitet.
Dette er eit eksempel på innredning på Kraftstasjonen. Slitte bord og metallstolar (eller trestolar) gjer eit røfft utsjåande.

Denne kafeen synest eg har noko ved seg. Stilreint, ordentleg med rå materialer.
Industrilampar på tjukke tre bjelkar i taket...

Forskjellige stolar, telysholdarar i friske fargar, greiner framfor vindaugene...

Dekorativt og stemningskapande med ved i stablar...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar