Velkomen til DraumeKarusell. Dette er den sida av meg som samlar alle dei små gledene i kvardagen, pluss litt ferie lykke. Det er og her eg publiserer mine nye produkt for salg under etiketten til salgs.



torsdag 26. mai 2011

Me har fanga ein draum

På mandag kjøpte me oss hus på Nesodden. Me har vore på utkikk i lengre tid, men har ikkje heilt visst kor me vil bu, men då detta huset dukka opp til ein overkommeleg pris, var valet lett.
Det er eit lite hus på 114 kvm frå 1954, med 3 mål tomt

Huset er foreløpig litt for romantisk og søtt for min stil, men det grunnleggande er der, med gamle tregolv, småruta vindauger og kjøkken med mykje benkplass :)
Mulighetane er mange når ein har så stor plass, blomsterplanting, hengekøye, drivhus...

Eg har altid drøymt om vindauger framfor kjøkkenbenken, og det har eg fått :)
Med nye fliser og litt maling er mykje gjort.
Dette blir nok bra...

1 kommentar:

  1. Eg likar likar likar huset! Ser fram til besøka dykk :D

    SvarSlett