Den som leitar den finn...
Har funne meg ein bruktbutikk
eg prøve å besøka med jevne mellomrom.
Fann disse lysestakane ved sist besøk,
og dei fann seg til rette i stova vår...
Det går mot vinter, og ikkje minst
mi favoritt høgtid, jul.
Har vore på jakt etter antikke
julakuler i lang tid. Eg likar ting som er
gamle og brukt, dei er ekte og har ei fortid.
På etsy, som for tida er mi absolutte
favoritt nettside, fann eg desse kulene.
Ein må jo berre bli glad når bestillingen
er så fint presentert som vist på biletet over.
Innhaldet var ikkje skuffande det heller.
Dei kom i original øsja og ingen var knust
trass den lange reisevegen heilt frå USA.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar