Min vetle, men fargesprakande stand på designernes eige julemarked forrige helg.
Sidan dette var min fyrste gong som utstillar, var dette ein
bra erfaring å ha med seg vidare på ferden.
Det er viktig å få tilbakemelding frå tilskuarar, og potensielle kundar for å kunna utvikla seg vidare. Kva funker og kva funker ikkje. Kva ein kan fortsetja å produsera og kva ein kan kutta ut, kva ein kan vidareutvikla og kva funker som det er.
Ettersom dette var min fyrste gong, hadde eg ikkje fleir enn tre- fire av kvar produktgruppe. Men det meste vart solgt, og eg reiste heim med ein liten boks med kort og nokre få andre ting.
Dette var veldig oppmuntrande og motiverande for vidare arbeid, og dagen etter markedet tok eg bestilling på nye materialer til brosje og øyrepynt produksjon som vert publisert her fortløpande under etiketten TIL SALGS
Stine(Fru Blom), eg(Draumefangst) og Sara(Dahl design)
saman på markedet. Det var veldig kjekt og gjorde opplevelsen endå bedre.