Då var prosjekt Kafè Kraftstasjonen vel utført og eg er sjølv overraska over kor bra da blei til slutt. Etter månader med planlegging og jobbing for å koma til eit resultat me alle kan vera fornøyde med, er me tilslutt i mål. Her kjem ei lita innføring i korleis alt har blitt og litt frå min kjære heimplass Ålvik.
Bordene er laga av gamle dørar frå hus i Ålvik og med folkets dugnadsånd og gjevarglede har me fått mengdar med trestolar.
"Villabyen", hjørna for dei litt finare folket ;)
Plansjar og kart frå loftet på skulen
Gamle og unge er gjestar på Kraftstasjonen
...pensjonistane...
...konfirmantane...
...baren...
Besten sine gamle vernesko spraya med gullmaling, målarar frå gamle kraftstasjonen og
bilde av gamle kiosken som til min store forferdelse no står som ei rønna...
...og nye kiosken...
Kjente stadsnavn i Ålvik som bordmerking i staden for bordnummer.
Detaljar
Gamle bøker i stabel og ei gamal oljekanna frå Kraftstasjonen
Ei gamal vekt frå Ålvik
Fullsatt kafè 1. mai 2011
Nokon av gjengen bak: Meg, snikkaren og driftssjef